Fre
Regn
Nedbør: 0.3 mm
Vind: Frisk bris fra Vest 8.0 m/s 
Trykk: 1006.6
Dato: 24.01.2020
Lør
Lett regn
Nedbør: 0.5 mm
Vind: Svak vind fra Nordaust 2.2 m/s 
Trykk: 1007.3
Dato: 25.01.2020
Søn
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Aust-nordaust 4.4 m/s 
Trykk: 1003.6
Dato: 26.01.2020
Man
Regn
Nedbør: 2.4 mm
Vind: Flau vind fra Aust-søraust 1.4 m/s 
Trykk: 992.9
Dato: 27.01.2020
Tirs
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Aust-nordaust 2.2 m/s 
Trykk: 989.1
Dato: 28.01.2020
Balestrand StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Balestrand

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Balestrand Kommune
Finn Balestrand
Firda
Jobb Balestrand
Leie Balestrand
NRK Sogn og Fjordane
Sogn Avis
Torget Balestrand

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Legg ned ambulansebåtNRK Sogn og Fjordane
Styret i Helse Førde har i ettermiddag vedtatt å legge ned dagens ambulansebåt i Askvoll. Ein ny ambulansebåt stasjonert i Solund skal i framtida dekke øyane også i Askvoll. Forslaget har vekt store protestar lokalt, men administrerande direktør Arve Varden seier ei effektivisering er naudsynt.
2020-01-24 16:19:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil av vegenNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt av vegen på rv. 13 Utvikfjellet. Den skal ikkje ha store skadar og ventar no på bergingsbil. Det skal vere glatt på staden.
2020-01-24 15:35:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sterk 9.-plassNRK Sogn og Fjordane
Andrine Mårstøl vart nest best av dei norske då ho i dag køyrde inn til ein sterk 9.-plass under Europacuprennet i Sveits. 20-åringen frå Haugen var nær eitt sekund bak Martina Peterlini som vann slalåmrennet.
2020-01-24 14:35:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fare for kolonnekøyringNRK Sogn og Fjordane
Vegvesenet melder at det kan verte innført kolonnekøyring på kort varsel på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Frå før er det kolonnekøyring over Strynefjellet, Vikafjellet og mellom Aurland og Hol.
2020-01-24 13:37:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vert ny Venstre-leiarNRK Sogn og Fjordane
Åsta Årøen frå Bergen, opphaveleg frå Stryn, er av valnemnda innstilt som ny leiar i Vestland Venstre. Årøen er tidlegare fylkesleiar i Hordaland, og har vore leiar for Norges Venstrekvinnelag. Jan Henrik Nygård frå Kinn er innstilt som første nestleiar.
2020-01-24 12:38:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rotevatn er ny klimaministerNRK Sogn og Fjordane
Sveinung Rotevatn frå Nordfjoreid vart i føremiddag presentert som ein av statsminister Erna Solberg sine nye statsrådar. Rotevatn tek over som klima- og miljøminister etter Ola Elvestuen. Eidaren har vore statssekretær i same departement.
2020-01-24 11:41:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hamar ferdig i regjeringaNRK Sogn og Fjordane
Statssekretær Atle Hamar (V) er i Kongen i statsråd gitt avskil i nåde som statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Jølstringen Hamar har permisjon frå jobben frå direktør for Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde.
2020-01-24 11:38:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Går sitt første world cup-rennNRK Sogn og Fjordane
I dag går skiskyttaren Karoline Erdal frå Førde sitt første World Cup-renn denne sesongen. Det er 15 kilometer normal på programmet, og rennet kan du følgje her frå klokka 14. På Facebook skriv Erdal at det vert hardt, men at ho gler seg.
2020-01-24 09:41:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Status på fjelloverganganeNRK Sogn og Fjordane
Akkurat no er det kolonnekøyring på Strynefjellet, Vikafjellet og mellom Aurland og Hol, opplyser Statens vegvesen. Mellom Årdal og Tyin er det stengt. Her vil det verte gjort ei ny vurdering klokka 12. Elles er det fri ferdsel på dei andre fjellovergangane.
2020-01-24 08:31:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for festivalvaldNRK Sogn og Fjordane
Ein hordalending i slutten av tenåra må 120 dagar i fengsel. Mannen er i tingretten funnen skuldig ei valdshandling, som knekte kjeven på ein annan under ein festival i Sogn i fjor sommar. Eit sentralt bevis mot mannen var ein videofilm av valden.
2020-01-24 07:56:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

17.-plass på MårstølNRK Sogn og Fjordane
Alpinisten Andrine Mårstøl frå Haugen køyrde i går inn til 17.-plass under Europacuprennet i sveitsiske Hasliberg. Nordfjordjenta var med det tredje beste nordmann i slalåmrennet.
2020-01-24 07:54:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i oppvaskmaskinNRK Sogn og Fjordane
Like før midnatt vart det meldt om brann i ein bustad på Hjelle aust for Nordfjordeid. Brannen hadde starta i ei oppvaskmaskin. Politiet kunne raskt melde at det ikkje lengar var opne flammar, men at det var røyk i huset. Alle som var i huset hadde kome seg ut.
2020-01-24 06:49:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv. 50 Hol-Aurland openNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder at fv. 50 Hol-Aurland er open for fri ferdsel.
2020-01-23 22:12:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Jan Børge Leirvik
2020-01-23 20:25:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil skrinleggje symjebassengNRK Sogn og Fjordane
Kommunedirektøren i Stad vil skrinlegge renovering av symjebassenget og nytt garderobeanlegg ved Selje skule, skriv Fjordenes Tidende. Arbeidet har vore ute på anbod, men kommunen fekk berre eitt tilbod.
2020-01-23 12:39:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Festspela til SkjerjehamnNRK Sogn og Fjordane
Festspela i Bergen utvidar til Skjerjehamn i Gulen. I slutten av mai får den vakre holmen, som også er vertskap for Utkantfestivalen, besøk av både Moddi, Eirik Johan Grøtvedt & Eirik Haug Stømner.
2020-01-23 12:13:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt mellom Årdal og TyinNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin er stengt på grunn av uvêr, melder Statens vegvesen.
2020-01-23 10:21:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politikar truga med dagmulktNRK Sogn og Fjordane
Terje Hilstad, leiar i planutvalet i Aurland, blir truga med dagmulkt på 1.300 kroner dersom han ikkje stoggar eit byggjearbeid, skriv Sogn Avis. Kommunen meiner han starta utan løyve. Hilstad seier at han ikkje kjende til at tiltaket var søknadspliktig.
2020-01-23 09:27:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Omsetnadsrekord i VikNRK Sogn og Fjordane
Rekkverk-produsenten Vik Ørsta i Vik sette ny omsetnadsrekord i fjor, skriv Sogn Avis. Bedrifta med 80 tilsette i Vik passerte då 700 millionar kroner i omsetnad. Dette er ein auke på 10 prosent frå året før.
2020-01-23 08:40:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kolonnekøyring Aurland ? HolNRK Sogn og Fjordane
Det er innført kolonnekøyring for alle køyretøy på fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol, melder Statens vegvesen.
2020-01-23 08:16:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ting Berga frå konkursNRK Sogn og Fjordane
Åtte av ti Ting-butikkar kan få drive vidare, skriv Firda. Interiørkjeda som er eigd av Harald og Audun Viken frå Jølster var eigentleg på veg i skifteretten. Men i går kveld kom meldinga om at brørne har fått med seg familien Holta på eigarsida.
2020-01-23 08:14:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tilsette har ikkje fått lønNRK Sogn og Fjordane
Tilsette ved Tørvis Hotell i Luster har ikkje fått løn sidan september, og har no gått til Namsmannen med konkurskrav, skriv Sogn Avis. Eigaren av driftsselskapet til hotellet er sikta for underslag, men han nektar straffskuld.
2020-01-23 07:43:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hundesjukdom i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Hundesjukdomen Leishmaniose er påvist i Førde, skriv Firda. Sjukdomen kan gi feber, avmagring og lever- og nyreskadar. Risikoen for smitte vert vurdert som liten, men eigaren har fått forbod mot å selje, gi bort eller bruke hunden i avl.
2020-01-23 07:32:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt til i morgonNRK Sogn og Fjordane
Fv. 52 Tyin-Årdal blir nattestengt, det melder Vegvesenet på Twitter. Klokka 22.30 stenger vegen og opnar ikkje att før klokka 08.00 i morgon.
2020-01-22 21:41:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tilstår å ha drepeNRK Sogn og Fjordane
Den drapssikta 27-åringen i Florø har tilstått å ha drepe ei 51 år gamal kvinne med kniv i november. Han har ikkje teke stilling til straffskuld, seier politiadvokat Eli Valheim til Firdaposten. Politiadvokaten vil ikkje seie noko om motivet for drapet.
2020-01-22 21:02:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hallstensen til OddNRK Sogn og Fjordane
Florø-spelar Thomas Hallstensen blir presentert som Odd-spelar denne veka. Det melder Telemarksavisa. 17-åringen vart denne veka teken ut på G18-landslaget som i februar reiser til La Manga. Forsvarsspelaren fekk 13 kampar i 2. divisjon for Florø i fjor.
2020-01-22 16:16:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bonde nektar straffskuldNRK Sogn og Fjordane
Ein storfebonde i 50-åra frå Sogn må i midten av mars møte i Sogn og Fjordane tingrett, tiltala for fleire lovbrot. Over ein periode på to år gav ikkje mannen dyra sine tilstrekkeleg tilsyn. Mannen nektar straffskuld, opplyser forsvarar Louis Anda.
2020-01-22 14:45:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mange med for høg fartNRK Sogn og Fjordane
18 bilistar fekk forenkla førelegg i ei 60-sone på E39 ved Håheim i Jølster. UP ga også ein sjåfør forenkla førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon under køyring.
2020-01-22 14:28:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope over fjelletNRK Sogn og Fjordane
Alle fjellovergangane mellom aust og vest er no opna etter uvêret. Det gjeld også Strynefjellet og Tyin-Årdal.
2020-01-22 12:16:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope på HemsedalsfjelletNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 52 Hemsedalsfjellet er no ope for fri ferdsel etter at det tidlegare var kolonnekøyring, melder Vegtrafikksentralen.
2020-01-22 12:10:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir nestleiar i styretNRK Sogn og Fjordane
Olin Johanne Henden frå Jølster blir ny nestleiar i styret for Helse Vest. Henden har vore styremedlem i åtte år og tek over nestleiarvervet etter Tone Berntsen Steinvåg. ? Det er motiverande, og det forpliktar meir enn det å vere styremedlem.
2020-01-22 12:05:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slit med rekrutteringaNRK Sogn og Fjordane
? Løn og arbeidstid er to faktorar til at bussjåføryrket fell i status, seier Roger Moum i Vestnorsk Transportforening. Framover vil Noreg trenge 1000 fleire bussjåførar årleg. ? Spesielt skift fordelt på føremiddag og ettermiddag er eit problem.
2020-01-22 09:40:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet opnaNRK Sogn og Fjordane
Rv. 13 over Vikafjellet er no open. Det er også ope på E16 Filefjell. På rv. 52 Hemsedalsfjellet og fv. 50 Aurland ? Hol er det kolonne. To vegar er stengde. På fv. 53 Tyin ? Årdal blir det ny vurdering kl. 11 og på rv. 15 Strynefjellet kl. 10.
2020-01-22 09:24:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har fått brusvarNRK Sogn og Fjordane
Fylkesdirektøren har ikkje planar om å skilje kva køyretøy som får køyre over Rugsundbrua og kven som må vente, fordi det vil krevje omfattande utstyr, skriv fjt.no. Fleire har reagert på måten trafikken blir styrt over brua når det er mykje vind.
2020-01-22 07:48:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tefre til ny verdscupNRK Sogn og Fjordane
Gjøran Tefre frå Førde er klar for ein runde i verdscupen i langrenn. Til helga set han kursen mot Oberstdorf saman med landslaget. Tefre har fripass til verdscupen sidan han leiar Skandinavisk cup.
2020-01-21 21:35:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Voldtektsdømte ankar til høgsterettNRK Sogn og Fjordane
Dei tre mennene som er dømde for valdtekt av ei kvinne i Sogn, ankar saka til Høgsterett. Mennene, som alle er i 30-åra, vart i lagmannsretten dømde til fengsel i fire år og seks månader, fem år og seks år og seks månader i fengsel.
2020-01-21 21:02:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykte ut til ulukkeNRK Sogn og Fjordane
Det har vore ei trafikkulukke ved Hodlekve på riksveg 5 i Sogndalsdalen. To bilar køyrde i kvarandre ved skisenteret. Tre personar er involvert, men alle skal ha kome seg ut. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade.
2020-01-21 17:02:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Han kan bli ny nynorsk-leiarNRK Sogn og Fjordane
Peder Lofnes Hauge er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag. Hauge er frå Gloppen i Nordfjord og er i dag nestleiar i organisasjonen. Det er i dag over 13.500 medlemer i mållaget.
2020-01-21 16:17:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnelar opna igjenNRK Sogn og Fjordane
Ein utanlandsk trailerkøyrde tom for diesel i Flenjatunnelen på E16. Det førte til at både Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen måtte stengast. No er begge opna igjen.
2020-01-21 15:44:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kolonne på Aurland-HolNRK Sogn og Fjordane
Det er kolonnekøyring på fylkesveg 50 Aurland og Hol på grunn av uvêr.
2020-01-21 15:06:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uver på StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 15 over Strynefjellet er stengd på grunn av uver og flaum. Vegen blir ikkje opna i dag, og det blir ny vurdering klokka 10.
2020-01-21 12:44:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber Fylkesmannen mekleNRK Sogn og Fjordane
Høyanger kommune har bede Fylkesmannen i Vestland om å mekle i oppgjeret om Nessane med nye Sogndal kommune, skriv porten.no. Nessane blei ved nyttår overført til Høyanger. Sogndal vil ha 12 millionar kroner, medan Høyanger vil betale 5,1 millionar.
2020-01-21 08:17:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tyin - Årdal stengdNRK Sogn og Fjordane
Rv. 53 Tyin - Årdal er stengd på grunn av uver. Det blir ny vurdering klokka 12, melder Statens vegvesen,
2020-01-21 08:04:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mykje vatn på veganeNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen ber bilistar i dag om å vere merksame på at det kan vere mykje overflatevatn på vegane i indre Sogn. Det er så langt ikkje meldt om vegar som er stengde som følge av mykje overflatevatn
2020-01-21 07:23:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klarte EM-kravetNRK Sogn og Fjordane
Kulestøtaren Mathias Dale frå Breimsbygda klarte i helga kravet til U18-EM.Under opninga av innandørssesongen i friidrett på Sandane støytte Dale 17,99 meter, som er over ein halvmeter over EM-kravet.
2020-01-20 20:57:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 19.45NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Jan Børge Leirvik.
2020-01-20 19:40:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrd til legevaktNRK Sogn og Fjordane
Føraren av bilen som køyrde i grøfta ved Breisvortunnelen på E39 ved Hornindalsvatnet, er køyrd til legevakt for ein sjekk. Det var berre ein bil involvert i ulukka.
2020-01-20 19:35:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykker ut til ulukkeNRK Sogn og Fjordane
Politi og ambulanse har rykt ut til ei trafikkulukke aust for Breisvortunnelen på E39 ved Hornindalsvatnet. Ein bil har køyrd i grøfta. Det er førebels uvisst kor mange personar som var i bilen.
2020-01-20 18:30:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fryktar for verdsarvaNRK Sogn og Fjordane
Verdsarvrådet til Luster kommune fryktar verdsarvverdiane forsvinn utan eit levande lokalsamfunn, skriv Sogn Avis. Difor meiner dei det er viktig å handheva bu- og driveplikta på sørsida i Luster slik at det bur folk fast der også i framtida.
2020-01-20 16:30:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tekne ut på landslagetNRK Sogn og Fjordane
Sogndal-spelar Mathias Sundberg er teken opp på G18-landslaget i fotball. 18-åringen fekk i fjor tre kampar for G17-landslaget. No skal han vere med landslaget som i februar møter Romania, Tyrkia og Portugal under La Manga-turneringa i Spania. Også Thomas Halstensen frå Eikefjord er teken ut.
2020-01-20 14:31:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klare for VMNRK Sogn og Fjordane
Brørne Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø er tekne ut til VM i skiskyting. Skiskyttarforbund sender i alt 11 utøvarar til meisterskapen i Anterselva 13. til 23. februar. Under VM i fjor vann Thingnes Bø enn ein individuell og tre lagkonkurransar.
2020-01-20 14:30:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To vil kjøpe hotellNRK Sogn og Fjordane
To bodgjevarar vil kjøpe Tørvis hotell i Marifjøra i Luster, skriv porten.no. Det siste offisielle bodet skal vere på 13,1 millionar kroner. Familien Schmidt, som tidlegare har drive hotellet, er ein av bodgjevarane. Den andre er ukjent.
2020-01-20 14:26:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Posten skal levere aviserNRK Sogn og Fjordane
Aktiv Norgesdistribusjon og Posten Norge vann konkurransen om å levere aviser i område utan avisbudnett. Dei skal levere aviser på laurdagar og kvardagar. Samstundes vert postomdelinga frå 1. juli halvert frå fem dagar i veka til annankvar dag.
2020-01-20 12:19:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Aurland ? Hol opnaNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol er opna igjen etter at han var stengd på grunn av uvêr, melder Statens vegvesen.
2020-01-20 11:16:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fare for isete vegNRK Sogn og Fjordane
Meteorologane har sendt ut gult farsel om fare for isete vegbane og vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Noreg. Isen kan vere vanskeleg å sjå, skriv dei.
2020-01-20 07:42:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil byggje fleire studentbustaderNRK Sogn og Fjordane
Studentsamskipnadene i Noreg har søkt om støtte til å byggje 2475 studentbustader. I år er det sett av pengar til 2200. Samskipnaden på Vestlandet har søkt om pengar til 59 bustader i Førde og 47 i Bergen. Svar på søknadane kjem i løpet av februar.
2020-01-20 07:32:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Både riksveg 15 over Strynefjellet og fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol er stengde på grunn av uvêr, melder Statens vegvesen. Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin er nattestengd fram til klokka 10.
2020-01-20 07:30:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet på TikTokNRK Sogn og Fjordane
Vest politidistrikt har tatt i bruk mobilappen TikTok, som det første av politidistrikta. Etter to månader har dei nesten 100.000 følgjarar. Appen er mest brukt blant barn. Politiet seier dei allereie har løyst fleire saker etter tips på Tiktok.
2020-01-20 07:28:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Håpar på gondolbane NRK Sogn og Fjordane
Aurland håpar på å kunne etablere ein gondolbane som turistattraksjon, skriv Sogn Avis. Håpet er å kunne byggje bana frå ein stad i sentrum og opp på eit toppområde. Truleg vil det verte avgjort av ei prosjektgruppe i Flåm AS, i april.
2020-01-19 21:48:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vart noregsmeister i mangekampNRK Sogn og Fjordane
Henrik Holmberg tok denne helga gull i innandørs-NM i mangekamp, skriv Sogn Avis. Vikjen, som flytta til Trondheim for å satse for fullt i fjor, fekk full klaff under meisterskapen på Nes Arena. Han enda også med personleg rekord med 5302 poeng.
2020-01-19 19:40:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tap for FørdeNRK Sogn og Fjordane
Førde Handball gjekk på eit knepent eitmålstap mot Grane som vann kampen 29-28 i 1. divisjon. Maria Oppedal vart kåra til deira mest verdifulle spelar i kampen. ? No skal me bruke ein lang busstur på å riste av oss tapet, skriv klubben på facebook.
2020-01-19 15:59:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bø på sjuandeplass NRK Sogn og Fjordane
Tarjei Bø vart nummer sju i mål og nest beste nordmann under jaktstarten i Ruhpolding, i dag. Skiskyttaren hamna litt over minuttet bak franske Martin Fourcade som vann løpet. Vetle Sjåastad Christiansen kom på tredjeplass.
2020-01-19 15:36:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fryktar for verdsarvverdianeNRK Sogn og Fjordane
Verdsarvrådet til Luster kommune fryktar verdsarvverdiane forsvinn utan eit levande lokalsamfunn, skriv Sogn Avis. Difor meiner dei det er viktig å handheva bu- og driveplikta på sørsida i Luster slik at det bur folk fast der også i framtida.
2020-01-19 11:51:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil byggje fleire studentbustaderNRK Sogn og Fjordane
Studentsamskipnadene i Noreg har søkt om støtte til å byggje 2475 studentbustader. I år er det sett av pengar til 2200. Samskipnaden på Vestlandet har søkt om pengar til 59 bustader i Førde og 47 i Bergen. Svar på søknadane kjem i løpet av februar.
2020-01-19 10:41:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Glatte vegarNRK Sogn og Fjordane
Vegtrafikksentralen har fått meldingar frå både Sunnfjord, Nordfjord og Sogn om glatte vegar i morgontimane. ? Det har nok frose på enkelte stader, men det er meldt mildare ver utover dagen.
2020-01-19 09:49:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slik var Luttpris-konsertenNRK Sogn og Fjordane
2020-01-19 09:43:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna Tyin - ÅrdalNRK Sogn og Fjordane
Fv. 53 Årdal - Tyin er no open etter å ha vore nattestengt. På fv. 50 Hol - Aurland er det stengd på grunn av uver.
2020-01-19 08:15:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slagsmål i FlorøNRK Sogn og Fjordane
I tretida i natt fekk politiet i Florø melding om slagsmål i Strandgata. Politiet fekk kontroll på fleire personar. Det er ikkje meldt om personskade. Patruljen undersøkjer saka vidare.
2020-01-19 08:11:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv50 Hol?Aurland er stengt NRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 50 Hol?Aurland er stengt på grunn av uvêr, melder Vegtrafikksentralen Vest.
2020-01-19 05:33:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tilsettingsstopp i SunnfjordNRK Sogn og Fjordane
Det er innført tilsettingsstopp i Sunnfjord kommune, skriv Firda. Alle ledige faste stillingar skal no vurderast før dei eventuelt blir lyste ut. Det blir også sett i verk andre sparetiltak. Årsaka er at økonomien er verre enn dei først trudde.
2020-01-18 20:45:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I tet etter første dagNRK Sogn og Fjordane
Henrik Holmberg frå Vik leiar NM i mangekamp i Nes Arena etter første dag. Laurdag har øvingane 60 m, lengde, kule og høgde stått på programmet, og Holmberg leiar med 3,026 poeng i si klasse.
2020-01-18 19:57:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stor snøskredfare på VestlandetNRK Sogn og Fjordane
Frå måndag er det venta stor snøskredfare for områda Hardanger, indre Fjordane, indre Sogn og Voss, melder NVE Varselet er på raudt nivå. Eit verskifte er årsaka, og det kan bli naturleg utløyste skred på grunn av regn og høgare temperaturar.
2020-01-18 19:43:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Siger for Førde-herraneNRK Sogn og Fjordane
Volleyball-herrane til Førde vann i dag 3-0 over OSI i Førdehuset. Settsifra blei 25-15, 25-14 og 25-17. ? Ei god oppkøyring før gull-gallaen seinare i kveld, skriv klubben på Facebook. For førre helg vann Førde cupen, noko som skal feirast.
2020-01-18 18:36:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferjesamband innstiltNRK Sogn og Fjordane
Ferjestrekninga Rutledal-Rysjedalsvika på fylkesveg 57 er innstilt på grunn av tekniske problem, melder Statens vegvesen.
2020-01-18 18:07:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ungt talent klar for StrømmenNRK Sogn og Fjordane
Torje Naustdal frå Florø har signert ein toårig avtale med Strømmen IF, skriv klubben. Naustdal har spelt for Florø Fotball i mange år. Han har også spelt nokre kampar for Norge G18 og G19. ? Vi får ein spennande spelar med gode ferdigheiter.
2020-01-18 17:43:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna tunnelNRK Sogn og Fjordane
Skåratunnelen på fv. 617 mellom Måløy og Raudeberg er no opna att. ? Trafikken på staden blir dirigert, opplyser Statens vegvesen. Tunnelen blei stengd då det brann i ein låve og ein garasje like ved.
2020-01-18 16:59:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilte avgangarNRK Sogn og Fjordane
På ferjesambandet Anda - Lote på E39 er fleire avgangar innstilte på grunn av tekniske problem. Dette gjeld avgangene 15:40 og 16:20 frå Lote og avgangane 16:00 og 16:40 frå Anda.
2020-01-18 15:48:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i lagerbygningNRK Sogn og Fjordane
Det er meldt om brann i eit lagerbygg rett før Skoratunnelen i Måløy. Brannvesen er på staden.
2020-01-18 15:26:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tefre på 24.-plassNRK Sogn og Fjordane
Førdianaren Gjøran Tefre hamna på 24.-plass under dagens 15 kilometer fristil i verdscupen i Nove Mesto. Det var russiske Aleksandr Bolsjunov som stakk av med sigeren, foran finske Iivo Niskanen. Sjur Røthe vart beste nordmann som nummer tre.
2020-01-18 13:11:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vald mot familiemedlemNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 40-åra er arrestert for vald mot eit familiemedlem, skriv Firda. Hendinga skal ha skjedd på ein bustad i Florø, natt til laurdag. Mannen sit no i politiarresten i Florø.
2020-01-18 10:29:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slagsmål i Florø NRK Sogn og Fjordane
Ein person måtte til legevakt då to menn i 40-åra hamna i slagsmål i strandgata i Florø, natt til laurdag. Politiet, som måtte bryte inn, veit enno ikkje grunnen til slagsmålet. Sak er oppretta.
2020-01-18 07:32:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får snart svar på søknadNRK Sogn og Fjordane
Snart får Florø svar på om dei får asylmottak igjen, skriv Firdaposten. I november lyste UDI ut fem kontraktar med inntil ti års lengde for drift av asylmottak. Kontraktane blir tildelte i månadsskiftet med forventa oppstart til våren.
2020-01-17 21:15:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil sjå nærare på ambulanseplanNRK Sogn og Fjordane
Det blir ny gjennomgang av ambulansetilbodet i Lavik. I forslaget til ambulanseplan er mellom anna døgnambulansen i Lavik føreslegen nedlagd. Direktør Arve Varden i Helse Førde seier saka skal greiast ut meir etter mange tilbakemeldingar.
2020-01-17 21:04:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar i kveld er Mariann Reikerås.
2020-01-17 19:43:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krev erstatning etter valdtektssakNRK Sogn og Fjordane
To menn som var sikta for valdtekt i Sogndal, krev erstatning frå staten etter at saka er endeleg lagt vekk av Riksadvokaten, skriv Sogn Avis. Den eine mannen krev over ein halv million kroner i erstatning og oppreising.
2020-01-17 18:35:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har frigjort mann frå bilNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra som har sete fastklemd etter ei trafikkulukke, er hjelpt laust. Ulukka skjedde på rv. 15 ved Stårheim ferjekai. ? Mannen er bevisst og får hjelp av helsevesenet. Den andre personen har smerter, men er ellers ok, opplyser politiet.
2020-01-17 17:31:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ein fastklemd etter ulukkeNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulukke ved ferjekaien på Stårheim i Eid. ? Ein bil har køyrt i fjellveggen, opplyser Alarmsentralen. ? Ein person er ute av bilen, medan ein sit fastklemd. Personen er bevisst, og naudetatane driv med frigjering, opplyser politiet. Rv. 15 er stengd ved ulukkestaden.
2020-01-17 16:28:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Snøfokk på fjellveganeNRK Sogn og Fjordane
Meteorologane har sendt ut varsel om fare for kraftig snøfokk på fjellovergangane i Sør-Noreg. Farevarselet gjeld frå i kveld til søndag føremiddag. Årsaka er meldingar om snøvêr og kraftig vind frå vest.
2020-01-17 14:56:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kostar 22 milliardar å rassikre NRK Sogn og Fjordane
Det vil koste nær 22 milliardar kroner å rassikre riks- og fylkesvegane i Sogn og Fjordane. Det viser ein fersk rapport frå Statens vegvesen skriv Firda. Rapporten vart onsdag lagt fram for samferdslepolitikarane i Vestland fylke.
2020-01-17 13:42:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må framleis sitje i fengselNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i tjueåra frå Sunnfjord, må framleis sitje i varetekt i minst åtte veker til. Han er sikta for grov vald og torpedoverksemd og tingretten fryktar at han kan øydeleggje bevis om han blir slept fri. Fleire personar er sikta i saka.
2020-01-17 12:18:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Snøskredfare på oransje nivå NRK Sogn og Fjordane
Snøskredvarslinga åtvartar om snøskredfare på oransje nivå i Indre Sogn og Fjordane i starten av helga. Snøkredvarslinga ber folk om å unngå område der det samlar seg fokksnø.
2020-01-17 11:15:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil fjerne 60 oppdrettsanleggNRK Sogn og Fjordane
Havforskningsinstituttet vil fjerne 60 oppdrettsanlegg på Vestlandet, fordi dei trur det vil hjelpe på utfordringane med lakselus, skriv Bergens Tidende. Forskingsdirektør Geir Lasse Taranger seier at dei vil halde på dei beste oppdrettsanlegga.
2020-01-17 10:34:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet framleis stengtNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengd. Ny vurdering om vegen skal opne igjen, kjem klokka 16.
2020-01-17 10:16:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk prestisjeprosjekt NRK Sogn og Fjordane
Ruters båttilbod i Indre Oslofjord skal få fem nybygde elektriske båtar, designa av Sunnfjord-selskapet Multi Maritime. ? Mange legg merke til dette, seier administrerande direktør i Multi Maritime, Mikael Johansen, til Firdaposten
2020-01-17 09:58:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Startar utbygging NRK Sogn og Fjordane
Sunnfjord Energi Nett skal starte bygginga av ny kraftforsyning til Luteland i januar, skriv Firda. I samband med bygginga av vindturbinar på Lutelandet er det naudsynt med ei oppgradering av kraftnettet. Kraftforsyninga skal stå klar neste år.
2020-01-17 07:22:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lauslaten mot meldepliktNRK Sogn og Fjordane
Ein mann som er mistenkt for å ha stole fleire bilar i Florø, er no sett fri mot meldeplikt, skriv Firdaposten. Politiet har fleire gonger oppmoda folk om å låse og sikre bilane sine betre.
2020-01-16 22:03:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås
2020-01-16 19:37:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kjem til Måløy med utstillingNRK Sogn og Fjordane
Til sommaren kjem dronning Sonja til Måløy med si eiga salsutstilling. Besøket er i samband med at det lokale kunstlaget feirar 40 år. Laila Schult i Måløy kunstlag seier ho er både glad og spent.
2020-01-16 18:39:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Glatt på FilefjellNRK Sogn og Fjordane
? Det er nullføre og veldig glatt på E16 over Filefjell. Større køyretøy bør bruke kjettning, og entreprenør gjer tiltak på staden, opplyser Vegtrafikksentralen. Ein tipsar fortel at fleire store lastebilar måtte stå i ro til vegen blei strødd.
2020-01-16 17:33:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mange fjellovergangar opneNRK Sogn og Fjordane
Det er fri ferdsel over E16 Filefjell, rv. 52 Hemsedalsfjellet, fv. 53 Tyin-Årdal og rv. 15 Strynefjellet. Fv. 50 Hol-Aurland er også open, men kan bli stengd på kort varsel. Rv. 13 over Vikafjellet er stengd. Her blir det ny vurdering fredag kl. 10.
2020-01-16 17:22:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Balestrand StartSiden - Nyheter fra Sogn og fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.